Nynorsk skriftkultur

Høgskulen i Volda tilbyr som den einaste i landet Master i nynorsk skriftkultur. 

  • Organisering

    Heiltid
    Samlingar
  • Studiepoeng

    120
  • Søknadsfrist

  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    4310

Studieinnhald

Gjennom skrifta formar vi tekstar, og dermed også den kulturen og det samfunnet vi er ein del av. Studiet av nynorsk skriftkultur gjer deg i stand til å forstå korleis dette skjer, og studiet tek for seg skriftkultur generelt og den nynorske skriftkulturen spesielt. Det er lagt vekt på å analysere utfordringar knytte til tileigning, meistring og bruk av språk og tekst og forholdet mellom skriftkultur og samfunn (literacy/literacies), med vekt på nynorskens stilling i fortid og notid. Studiet i nynorsk skriftkultur har tre hovudinnretningar: språk, litteratur og didaktikk, alle med vekt på nynorsk skriftspråk. Med utgangspunkt i tverrfaglege tilnærmingsmåtar gir studiet i nynorsk skriftkultur ein unik kompetanse for arbeid både i skulen og med anna språkleg og kulturelt arbeid.

Opptakskrav

Opptaksgrunnlaget til Master i nynorsk skriftkultur er oppnådd bachelorgrad eller tilsvarande (minimum 180 studiepoeng) innan humanistiske eller samfunnsfaglege emne, der minimum 20 av studiepoenga må vere frå eit fordjupingsemne (200-nivå). Eksempel på relevante fagområde er etnologi, filosofi, historie, idéhistorie, kulturvern og kulturformidling, lingvistikk, litteraturvitskap, medievitskap, norsk/nordisk, pedagogikk, sosialantropologi, sosiologi og statsvitskap. Søkjarar som har andre relevante fag eller utdanning på same nivå og av tilsvarande omfang, kan søkje om særskild vurdering.

Internasjonalisering

Du kan studere det tredje semesteret ved ein av partnarinstitusjonane våre i Noreg eller i utlandet.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er organisert i tre vekesamlingar pr. semester. Studiet er lagt opp med tanke på at studentane skal kunne konsentrere seg om masteroppgåva. Det kan dei gjere anten ved Ivar Aasen-instituttet, eller ved ein av dei institusjonane Høgskulen i Volda samarbeider med i Noreg og i utlandet. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Master i nynorsk skriftskultur gir brei språk- og kulturkompetanse og kvalifiserer for undervisning i skuleverket, for arbeid i fagstillingar ved museum, i offentleg og privat kultursektor, i kulturadministrasjon og ved kulturformidlingsinstitusjonar. Kulturinstitusjonar av typen Nynorsk kultursentrum, Det Norske Samlaget og NRK kan vere aktuelle arbeidsgivarar. Fullført mastergrad gir høve til å søkje om opptak ved doktorgradsprogram.