Nynorsk i opplæringa 8.–13. årssteg, Kompetanse for kvalitet

Studiet er reservert for lærarar som underviser i grunnopplæringa på 8.–13. årssteg som er tatt opp gjennom Kunnskapsdepartementet sitt program for vidareutdanning. (Dette tilbodet vert kalla Norsk 2: 8. - 13. trinn i Utdanningsdirektoratet sin studiekatalog).

  • Organisering

    Deltid
    Nettstudium
  • Studiepoeng

    30
  • Søknadsfrist

  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    4161

Studieinnhald

Målet med studiet er at studentane skal kunne drive god opplæring i nynorsk på 8.–13. årssteg i tråd med intensjonane i Kunnskapsløftet.

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning (allmennlærar-, grunnskulelærar-, eller praktisk pedagogisk utdanning.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Studiet skal formidlast gjennom lesing av leksjonar, lesing av pensum og skriftleg refleksjon over dette. Studentane vil få rettleiing og vurdering frå lærarar, og produkta, som vert lagde i mappe for endeleg vurdering, skal vere resultat av ein prosess der også medstudentar har vore rettleiarar. Det vert lagt vekt på at studentane skal arbeide sjølvstendig med fagstoffet.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet gir lærarar kompetanse til å drive god opplæring i nynorsk på 8.–13. årssteg.