Nynorsk i opplæringa

Nynorsk i opplæringa er primært retta mot lærarar som underviser i norsk i grunnopplæringa, men er nyttig for alle som vil heve nynorskkompetansen sin. Studiet har eit praktisk og undervisningsorientert perspektiv som vil gi auka kompetanse i nynorsk og i å undervise i norsk. 

  • Organisering

    Deltid
    Nettstudium
  • Studiepoeng

    30
  • Søknadsfrist

  • Startsemester

    Haust
    Vår
  • Søknadskode

    4070

Studieinnhald

Studiet gir deg innsikt i språksituasjonen slik han er i dag, og dei historiske føresetnadene for at han er slik. I tillegg skal studiet gi innføring i språkdidaktikk og språklæring.

Det didaktiske perspektivet vil stå sentralt i studiet. I Nynorsk i opplæringa 1 vil ein leggje vekt på nynorsken slik han fungerer i dagens samfunn. I Nynorsk i opplæringa 2 vil ein leggje vekt på bakgrunnen og føresetnadene for den norske språksituasjonen.

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning eller tilsvarande.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er lagd opp med nettleksjonar, sjølvstudium og skriftleg refleksjon over dette. Studentane vil få rettleiing og vurdering frå lærarar. Det vert lagt vekt på at studentane skal arbeide sjølvstendig med fagstoffet.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet er primært retta mot lærarar som underviser i grunnopplæringa. Målet er at studentane skal kunne drive god opplæring i nynorsk på alle nivå i tråd med intensjonane i Kunnskapsløftet.