Planlegging og administrasjon

Bachelor i Planlegging og administrasjon er ei yrkesretta og tverrfagleg utdanning som gir attraktiv og etterspurd fagkompetanse, tilpassa ulike stillingar innanfor administrasjon, planlegging og forvaltning. Studiet er fleksibelt organisert med ein kombinasjon av obligatoriske og valfrie emne.

  • Organisering

    Heiltid
  • Studiepoeng

    180
  • Søknadsfrist

    15. april 2017
  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    223 452

Studieinnhald

Studiet gir ei brei innføring i sentrale samfunnvitskaplege emne med viktige teoretiske innslag frå fagområde som samfunnsgeografi, sosiologi, statsvitskap, organisasjonsteori, økonomi og jus. Søkjelyset er retta mot viktige trekk ved samfunnsvitskapleg tenkjemåte og tverrfagleg samfunnsforsking. Dette dannar grunnlag for ei vidare innføring og fordjuping i offentleg administrasjon,samfunnsplanlegging og regionalt utviklingsarbeid. Studentar som ønskjer å avslutte etter eitt år, kan be om ei karakterutskrift for fullført årsstudium i Samfunnsvitskap. 

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Internasjonalisering

Høgskulen i Volda har avtalar med utdanningsinstitusjonar i mange land og kan hjelpe deg med å finne gode utdannings- og utvekslingstilbod.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisinga er lagt opp med ein kombinasjon førelesingar, gruppearbeid og individuelle arbeidsoppgåver/praktiske øvingar. Studentar får tilgang til eit eige elektronisk klasserom (Fronter) der undervisningsopplegg, førelesingsnotat, oppgåver o.l. vert lagt ut. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Med bachelor i Planlegging og administrasjon har du eit godt grunnlag for ein yrkeskarriere innanfor ulike felt i offentleg forvaltning som til dømes administrativ leiar, leiar av utviklingsarbeid, sakshandsamar eller planleggar. Utdanninga gir også aktuell kompetanse for arbeid i privat og frivillig sektor, som til dømes innanfor media, rådgiving og næringsutvikling. Studiet kvalifiserer for opptak ved master i Samfunnsplanlegging og leiing ved Høgskulen i Volda eller andre relevante masterstudium.