Praktisk-pedagogisk utdanning - allmennfag

Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) er eit påbyggingsstudium som gjer det mogleg å setje saman di eiga lærarutdanning. Det betyr at du byggjer PPU på ein allmennfaglege/yrkesfagleg kompetanse du har frå før.

  • Organisering

    Heiltid
  • Studiepoeng

    60
  • Søknadsfrist

    15. april 2017
  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    4300

Studieinnhald

Studiet er sett saman av emna Pedagogikk (30 stp.) og Fag- eller yrkesdidaktikk (30 stp.). I tillegg er det lagt opp til 60 dagar med praksis på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. Det er aktuelt å tilby fagdidaktikk i (drama, ikkje i 2017-18), framandspråk, kroppsøving/idrett, kunst og handverk, matematikk, musikk, naturfag, norsk, RLE, samfunnsfag/historie og mediefag. Oppstart er avhengig av at det er nok kvalifiserte søkjarar til kvar fagdidaktisk gruppe og nok praksisplasser for studentane.

Programmet gir kompetanse i å planlegge, gjennomføre og kritisk vurdere undervisning. Du skal lære om ulike arbeidsmåtar og læringsressursar innanfor faga du er kvalifisert til å undervise i. Det vert fokusert på klasseleiing og læringsmiljø og korleis gode relasjonar til og mellom elevar kan utviklast. Etikk og yrkesidentitet og samarbeid med elevar/lærlingar, kollegaer og føresette er også vektlagt i studiet. Les meir om PPU på Spørsmål og svar om PPU.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga vekslar mellom førelesingar og at studentane arbeider på eiga hand eller i grupper. Undervisningsprogrammet Fronter vert mykje nytta. Studiet har obligatorisk frammøte ved:

  • undervisning og studentpresentasjonar
  • førebuing og etterarbeid i samband med praksis
  • praksisgjennomføring

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar er nærare omtala i emneplanen for dei einskilde emna.

Aktuelle yrke og vidare studium

Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) er ei yrkesutdanning som primært kvalifiserer for lærararbeid på ungdomssteget i grunnskulen og den vidaregåande skulen. Utdanninga gir også undervisningskompetanse på andre opplæringsarenaer innanfor fagområdet ditt. Studiet kvalifiserer til vidare mastergradsstudiar, til dømes master i Undervisning og læring ved Høgskulen i Volda.