Praktisk-pedagogisk utdanning - allmennfag

Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) er eit påbyggingsstudium som gjer det mogleg å setje saman di eiga lærarutdanning. Det betyr at du byggjer PPU på ein allmennfagleg/yrkesfagleg kompetanse du har frå før. Studiet har frå hausten 2017 ingen studieavgift.

  • Organisering

    Deltid
    Samlingar
  • Studiepoeng

    60
  • Søknadsfrist

    15. april 2017
  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    4301

Studieinnhald

Studiet er sett saman av emna Pedagogikk (30 stp.) og Fag- eller yrkesdidaktikk (30 stp.). I tillegg er det lagt opp til 60 dagar med praksis på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. Programmet skal gi deg kompetanse i å planlegge, gjennomføre og kritisk vurdere undervisning. Det vert fokusert på klasseleiing og læringsmiljø og korleis gode relasjonar til og mellom elevar kan utviklast. Etikk og yrkesidentitet og samarbeid med elevar/lærlingar, kollegaer, og føresette er også vektlagt i studiet. 

Det er aktuelt å tilby fagdidaktikk i (drama, ikkje 2017-18), framandspråk, kroppsøving/idrett, kunst og handverk, matematikk, musikk, naturfag, norsk, RLE, samfunnsfag/historie og mediefag. Oppstart er avhengig av at det er nok kvalifiserte søkjarar til kvar fagdidaktisk gruppe og nok praksisplasser for studentane. Les meir om PPU på Spørsmål og svar om PPU.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga vekslar mellom førelesingar og at studentane arbeider på eiga hand eller i grupper. Undervisningsprogrammet Fronter vert mykje nytta. Ein del av undervisninga vil bli gitt i sanntid via konferansesystemet Adobe Connect. Studenten må difor ha tilgang til PC med internett, kamera, høgtalar og mikrofon. Undervisningsmåtar og vurderingsordningar er nærare omtala i emneplanen for dei einskilde emna. 

Aktuelle yrke og vidare studium

Praktisk pedagogisk utdanning er ei profesjonsutdanning som kvalifiserar for lærararbeid på mellom- og ungdomssteget i grunnskulen, i vidaregåande skule, i vaksenopplæringa og innanfor høgare utdanning i dei fagområda studenten er kvalifisert for. Studiet kvalifiserer til vidare mastergradsstudiar, til dømes master i Undervisning og læring ved HVO.