Praktisk-pedagogisk utdanning - yrkesfag

Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) er eit påbyggingsstudium som gjer det mogleg å setje saman di eiga lærarutdanning. Det betyr at du byggjer PPU på ein allmennfagleg/yrkesfagleg kompetanse du har frå før. Studiet har frå hausten 2017 ingen studieavgift.

  • Organisering

    Deltid
    Samlingar
  • Studiepoeng

    60
  • Søknadsfrist

    15. april 2017
  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    4303

Studieinnhald

Studiet er sett saman av emna Pedagogikk (30 stp.) og Fag- eller yrkesdidaktikk (30 stp.). I tillegg er det lagt opp til 60 dagar med praksis på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. Programmet gir kompetanse i å planlegge, gjennomføre og kritisk vurdere undervisning. Du skal lære om ulike arbeidsmåtar og læringsressursar innanfor faga du er kvalifisert til å undervise i. Det vert fokusert på klasseleiing og læringsmiljø og korleis gode relasjonar til og mellom elevar kan utviklast. Etikk og yrkesidentitet og samarbeid med elevar/lærlingar, kollegaer og føresette er også vektlagt i studiet. Les meir om PPU på Spørsmål og svar om PPU.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga vekslar mellom førelesingar og at studentane arbeider på eiga hand eller i grupper. Undervisningsprogrammet Fronter vert mykje nytta. Ein del av undervisninga vil bli gitt i sanntid via konferansesystemet Adobe Connect. Studenten må difor ha tilgang til PC med internett, kamera, høgtalar og mikrofon. Undervisningsmåtar og vurderingsordningar er nærare omtala i emneplanen for dei einskilde emna.

Aktuelle yrke og vidare studium

Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) er ei yrkesutdanning som primært kvalifiserer for lærararbeid på ungdomssteget i grunnskulen og den vidaregåande skulen. Utdanninga gir også undervisningskompetanse i andre opplæringsarenaer innanfor fagområdet ditt.