Religion og livssyn

Med ei stadig aukande innvandring til Norge av menneske frå andre kulturar, er det i ulike yrkessamanhengar behov for arbeidstakarar som har kunnskap og forståing for religion og livssyn. Studiet gir innsyn i det moderne vestlege religions- og livssynsmangfaldet, i tillegg til kunnskap og forståing for kva rolle religion og livssyn spelar i det fleirkulturelle samfunnet.

  • Organisering

    Heiltid
  • Studiepoeng

    180
  • Søknadsfrist

    15. april 2017
  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    223 929

Studieinnhald

Bachelorprogrammet i religion og livssyn er sett saman av seks religionsfaglege emne på til saman 90 studiepoeng, Examen philosophicum (10 stp.) og eit innføringskurs i akademisk skriving og religionsfaglege arbeidsmåtar (5 stp.). 

Dei resterande 75 studiepoenga kan takast fritt, men dersom du tek sikte på å ta mastergrad og praktisk-pedagogisk utdanning etter avslutta program for å oppnå kompetanse som lærar i skulen, må du ta 60 studiepoeng (årsstudium) frå eit anna skulefag enn religion. Vi anbefaler historie, språkfag (t.d. norsk eller engelsk), eller praktisk-estetiske fag. Desse faga kan takast ved Høgskulen i Volda.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Internasjonalisering

Det er gode moglegheiter til å ta eit semester i utlandet i løpet av bachelorgraden. Høgskulen i Volda samarbeider med fleire institusjonar.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Alle emna ved studiet har tilbod om forelesingar og seminar. Examen philosophicum og nokon av fordjupingsemna går anten med forelesingar og/eller som nettstøtta studium. Emnetabellen syner religionsfaglege emne som kan veljast inn i bachelorgraden for studentar, fordelt på undervisningssemester. Instituttet tek atterhald for nok påmelding.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studieprogrammet kvalifiserer for yrke der ein treng religionsfagleg kompetanse, t.d. innan kultursektoren, i helsesektoren, i kyrkje og media. Vil du bruke utdanninga i skulen, må du frå hausten 2019 ta mastergrad og bygge på med eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Studiet vil då kvalifisere for undervisning i Kristendom, Religion, livssyn og etikk (KRLE) på mellomtrinnet og ungdomstrinnet i grunnskulen, og i Religion og etikk (RE) i vidaregåande skule. Bachelor i religion og livssyn kvalifiserer for opptak til Master i kulturmøte ved Høgskulen i Volda, og den kan også kvalifisere til andre mastergradar ved Høgskulen i Volda eller andre institusjonar dersom ein tilfredsstiller krava som gjeld for dei spesifikke programma.