Emnebeskrivelse

Med ei stadig aukande innvandring til Norge av menneske frå andre kulturar, er det i ulike yrkessamanhengar behov for arbeidstakarar som har kunnskap og forståing for religion og livssyn. Studiet gir innsyn i det moderne vestlege religions- og livssynsmangfaldet, i tillegg til kunnskap og forståing for kva rolle religion og livssyn spelar i det fleirkulturelle samfunnet.

REL116 Populærkultur og livstolking i eit fleirkulturelt samfunn

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
REL116
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2017 Vår
Eksamenssemester: 
2017 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar: 

Ingen

Om emnet: 

Populærkulturen spelar ei vesentleg rolle for livstolkinga til mange menneske i dag. Emnet vil gi kunnskap om tilhøvet mellom religion, estetikk og populærkultur i det fleirkulturelle Noreg. Emnet gir hjelp til å reflektere over religionsdidaktiske spørsmål og tek opp dei didaktiske utfordringane som knyter seg til felles religionsundervisning i eit fleirkulturelt samfunn. Emnet er delt i fire.

Del 1: Religionsdidaktikk og kulturmangfald

Del 1 gir ei kort innføring i kulturomgrepet og kulturmangfaldet i Noreg i dag. Det vert særleg fokusert på

  • religions- og livssynsundervisning i eit flierkulturelt samfunn
  • ulike sider ved religionane si rolle i dagens samfunn
  • tilhøvet mellom religion og estetikk

Del 2: Religion, media og populærkultur

Denne delen gir innblikk i ulike dimensjonar ved populærkulturen som kjelde til og arena for livstolking. Det blir særlig fokusert på

  • media literacy
  • populærkulturen som livssynsmarknad
  • tilhøvet mellom religion og media
  • skule og media

Del 3: Film som livstolking

Delemnet gir innsikt i film som bidrag til livstolking og korleis meiningsdanning skjer i møte med film. Det blir særleg lagt vekt på

  • korleis motiv frå kristen tru og etikk blir bearbeidd i film
  • Jesusforteljinga på film
  • film som medium for livstolking
  • populærkulturens gjenbruk av religiøse forteljingar

Del 4: Forteljing, bildekunst og livstolking

Denne delen gir ei innføring i bildekunst og forteljingar i dei store verdsreligionane. Det vert lagt vekt på både teoretiske og praktiske aspekt ved korleis ein kan bruke forteljing og bilde i opplæring.

Læringsutbytte: 

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande kæringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar: 

 

Kunnskap om

  • rolla til religion i det fleirkulturelle Noreg
  • populærkulturen sin bruk og omforming av religiøst innhald
  • meningsdanning og livstolking med utgangspunkt i populærkulturelle uttrykk
  • korleis forteljing og bilde blir forstått og brukt i ulike religionar og livssyn, og korleis dette kan brukast i undervisning
  • religionsdidaktiske problemstillingar
  • medias påverknad på sosialiseringa til barn og ungdom
Ferdigheiter: 

Studenten skal ha ferdigheiter

  • til å kunne drøfte rolla til religion i det fleirkulturelle Noreg
  • til å analysere framstillinga av religion i populærkulturen
  • til å analysere religiøs kunst frå ulike tradisjonar
  • ha kunnskap om bruk av bibelforteljingane på film og korleis dette kan brukast i undervisning
  • til å drøfte kva konsekvensar eit pluralistisk samfunn har for religions- og livssynsundervisninga
Generell kompetanse: 

Studenten skal ha kompetanse

  • til å kunne bruke film som ein del av religions- og livssynsundervisninga
  • til å kunne reflektere over forholdet mellom polulærkultur og livstolking i eit fleirkulturelt samfunn
Praktisk organisering og arbeidsmåtar: 

Undervisninga skjer gjennom førelesinger og seminar. Det er obligatorisk frammøte (80%) til undervisninga, jf. § 4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Det primære ansvaret for læringsutbyttet ligg hos studenten gjennom eiga lesning, oppgåveskriving, samarbeid med andre studentar og aktiv deltaking i undervisninga.   

Vilkår for å framstille seg til eksamen: 

For å kunne gå opp til eksamen må studenten

  • ha fått godkjent ei kunnskapsprøve innan ein frist som instituttet fastset
  • ha fått godkjent tre faglege arbeid på 1500 ord og ha presentert eitt av dei munnleg
Sensorordning: 

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluering og kvalitetssikring : 

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Kristin Hatlebrekke
Emnet inngår i følgande studieprogram: 
Religion, livssyn og etikk 30 stp
Religion, livssyn og etikk, årsstudium
Bachelor i religion og livssyn
Bachelorgradsstudium i religion og språk
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidler
OppgaveIndividuell 1semesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakter50% Ingen
Munnleg eksamenIndividuell30 minuttA-F, der A er best og E er siste ståkarakter50%Munnleg eksamen kan gjelde alle delemna
Ingen
Vurderinger:
Vurderingsform:Oppgave
Gruppering:Individuell
Varighet: 1
Varighetstype:semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:50%
Kommentar:
Hjelpemidler:Ingen
Vurderingsform:Munnleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:30
Varighetstype:minutt
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:50%
Kommentar:Munnleg eksamen kan gjelde alle delemna
Hjelpemidler:Ingen
Omfang: 
2500 ord