Rus - samfunnsproblem, førebygging og behandling

Nordmenn sine haldningar til og bruk av alkohol er i endring, og desse endringane kan føre til at fleire får problem som følgje av alkoholbruken sin. Vidare er bruken av ulike narkotiske stoff er eit vedvarande problem i det norske samfunnet, og hjelpetiltaka for personar med rusproblem er inne i ein omstillingsfase. Studiet er retta mot yrkesgrupper som arbeider innanfor rusfeltet som treng fagleg påfyll for å møte stadig nye utfordringar.

  • Organisering

    Deltid
    Samlingar
  • Studiepoeng

    30
  • Søknadsfrist

  • Startsemester

    Haust
    Vår
  • Søknadskode

    4346

Studieinnhald

Det er behov for oppdatert kunnskap om rusmiddelbruk, hjelpetiltak og strukturelle føringar på rusfeltet, og studieprogrammet er eit svar på desse utfordringane. Siktemålet med studiet er å gje studentane tverrfagleg og oppdatert kunnskap om rusmiddelbruk, forståings- og behandlingsmodellar, samt strukturar i rusfeltet. 

Sentrale tema:

  • Rusmiddelbruken sine sosiale funksjonar.
  • Rusmiddelbruk i juridisk, helse- og sosialpolitisk perspektiv.
  • Ungdom og rusmiddelbruk, rusproblematikk i familien, rusmiddelbruk i arbeidslivet, rusmiddelbruk og sjølvmord.
  • Etikk og menneskesyn i arbeidet med rusrelaterte problem.
  • Forståingsmodellar – det ideologiske og teoretiske grunnlaget for behandling.
  • Aktuelle behandlingsmåtar for personar som har rusproblem, og kva slags vurderingar som må liggje til grunn for val av metode.

Studiet gir deltakarane høve til å reflektere over og møte rusproblem på ein løysingsorientert måte på arbeidsplassen, i familien og andre stader. I løpet av studiet vil studentane få eit breitt nettverk av kollegaer som arbeider med rus- og avhengigheitsproblematikk innanfor helse- og sosialtenestene og på andre felt av samfunnslivet der ein møter rusproblem.

Opptakskrav

Bachelorgrad i helse-, sosial- eller pedagogiske fag. Søkjarar med annan utdanningsbakgrunn vert vurdert særskilt.  

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Studiet er delt i to emne: Rus som kulturelt og sosialt fenomen og Tiltak mot rusproblem. Begge emna er organisert med tre studiesamlingar gjennom eitt semester. Studiet kombinerer førelesingar med fleire andre læringsformer, slik som seminar, sjølvstudium og oppgåveskriving med rettleiing av erfarne lærarar. Studentane har eit eige elektronisk klasserom der dei får tilgang til undervisningsmateriale og informasjon om samlingane. Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Vidareutdanninga er retta mot yrkesgrupper som på ulike måtar driv med førebyggande arbeid, eller arbeider med behandling og oppfylging av menneske med rusproblem. Studiet kan takast som frittståande vidareutdanning eller kan inngå som valfri del i Master i helse- og sosialfag og Master i samfunnsplanlegging og leiing ved Høgskulen i Volda.