Samfunnsvitskap

Årsstudiet er aktuelt for yrkesgrupper som treng innføring i samfunnsvitskap. Målet er å gi studentane eit fagleg godt og allsidig grunnlag for forståing av samfunnet og samfunnsutviklinga.

  • Organisering

    Heiltid
  • Studiepoeng

    60
  • Søknadsfrist

    15. april 2017
  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    223 285

Studieinnhald

Studiet gir innføring i sentrale samfunnsvitskaplege emne, med viktige teoretiske innslag frå fagområde som samfunnsgeografi, sosiologi, statsvitskap, organisasjonsteori, økonomi, og jus. Undervisninga er særleg retta mot samfunnsutvikling og planlegging i ein lokal og regional kontekst. Lokalsamfunnsanalyse inngår som eit større tverrfagleg prosjektarbeid og er definert som obligatorisk arbeidskrav.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er organisert i samsvar med aktuelle delemne. I tillegg til førelesingar blir det gitt rettleiing i samband med arbeidsoppgåver som skal løysast individuelt og i grupper. Studentane får tilgang til eit eige elektronisk klasserom i Fronter der program for undervisninga, førelesingsnotat, arbeidsoppgåver m.m. blir tilgjengeleg for nedlasting, og der studentane kan levere oppgåver for kommentar. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet utgjer første året av bachelor i Planlegging og administrasjon ved Høgskulen i Volda, og det er difor mogleg å byggje på for å fullføre denne graden.