Regional planlegging og utvikling

Vidareutdanninga på masternivå er retta mot planleggarar, leiarar og andre tilsette med ansvar for samfunnsplanlegging og regional utvikling i kommunar, fylke og stat, og tilsette i privat og frivillig sektor som har mykje kontakt med offentleg sektor om plan- og utviklingsarbeid. Studiet er også eigna for studentar som ønskjer å kvalifisere seg til slike stillingar.

  • Organisering

    Deltid
    Samlingar
  • Studiepoeng

    15
  • Søknadsfrist

  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    4333

Studieinnhald

Studiet gir kjennskap til sentrale teoriar, omgrep og debattar i regional planlegging og utvikling, og viser korleis desse bidreg til forståing og utforming av systematiske planleggingsprosessar med vekt på brei deltaking, dialog, refleksjon og læring. Studiet vektlegg omgrepa instrumentell og kommunikativ rasjonalitet, og viser korleis desse påverkar mellom anna synet på makt, læring, planlegging, innovasjon og utvikling. Studiet viser kvifor desse rasjonalitetsformene må kombinerast for å møte moderne samfunn sine utfordringar. Studentane opparbeider ferdigheiter til å analysere og forstå utviklingstrekka og utfordringane i regionale samfunn, og kritisk kunne vurdere ulike verktøy for samfunnsendring.

Opptakskrav

180 stp høgare utdanning

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er samlingsbasert og lagt opp med ein kombinasjon av forelesingar, dialog, gruppearbeid, presentasjon og drøfting i plenum m.m. Det er lagt vekt på praktiske øvingar med utgangspunkt i deltakarane sine eigne utfordringar. Det blir forventa at deltakarane driv sjølvstudium mellom samlingane og at dei leverer heimeoppgåver for kommentering og for framlegging i klassa. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet kan takast som frittståande vidareutdanning, eller det kan inngå som obligatorisk del av master i Samfunnsplanlegging og leiing og som valfri del i master i Helse- og sosialfag, meistring og myndiggjering ved Høgskulen i Volda.