Leiing og personalutvikling

I vidareutdanninga vert teori og empiri om leiing kombinert med studentane sine eigne erfaringar med sikte på å kvalifisere dei som leiarar. Studiet er delt i tre tema som i hovudsak følgjer den mykje brukte inndelinga i strategisk, taktisk og operativ leiing.

  • Organisering

    Deltid
    Samlingar
  • Studiepoeng

    15
  • Søknadsfrist

    01. mars 2017
  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    4334

Studieinnhald

Studentane skal gjennom studiet utvikle:

  • Heilskapleg forståing av leiingsfunksjonen i organisasjonar
  • Kritisk og konstruktiv forståing av korleis modellar og leiingsverktøy kan nyttast for å oppnå målretta utvikling
  • Praktisk og fagleg godt fundert handlingskompetanse i personalutvikling
  • Evne til sjølvstendig refleksjon og læring

Opptakskrav

180 stp høgare utdanning

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er samlingsbasert med ein kombinasjon av forelesingar, dialog, gruppearbeid, presentasjon og drøfting i plenum m.m. Det blir forventa at du driv sjølvstudium mellom samlingane og at dei leverer heimeoppgåver for kommentering. Du får tilgang til eit eige elektronisk klasserom (Fronter) der program for samlingar og førelesingar vert lagt ut. Fronter vert også brukt til oppgåveinnlevering og kommunikasjon med faglærar og medstudentar. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet gir aktuell kompetanse til leiarar innanfor offentleg og privar sektor. Det kan gjennomførast som frittståande vidareutdanning eller inngå som valfritt emne i master i Samfunnsplanlegging og leiing og master i Helse- og sosialfag - meistring og myndiggjering ved Høgskulen i Volda.