Å skape meining

Mennesket si evne til innleving og intuisjon er i mange samanhengar svært viktig både i yrkeslivet og ulike sosiale samanhengar. Intuitiv problemforståing og løysing, føreset trening, anten det er snakk om å få eit kulturprodukt til å fungere optimalt eller om å få ein sosial samanheng til å fungere best mogleg.

  • Organisering

    Deltid
    Samlingar
  • Studiepoeng

    15
  • Søknadsfrist

    01. mars 2017
  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    4315

Studieinnhald

Studentane får rettleiing og praksis i å utvikle kulturell og sosial innleving og intuisjon gjennom kreativt gruppearbeid. Det er eit mål å gi innsikt i korleis intuitivt skapande arbeid kan påverke einskildmenneske si oppleving av samanhengar i livet. Studentane skal dessutan lære å bruke relevante metodar for forsking og utviklingsarbeid på ein sjølvstendig måte, og kunne analysere og vere kritisk til ulike informasjonskjelder.

Opptakskrav

Bestått bachelorgrad i musikk, drama/teater, media, IKT og design, idrett og friluftsliv, kunst og handverk, dans, animasjon eller nordisk. Bachelor i helse- eller sosialfag med fordjuping i kulturelle aktivitetsfag, gir også grunnlag for opptak.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga vekslar mellom løysing av kreative gruppeoppgåver som både gir kulturelle og sosiale utfordringar, framføring for kvarandre og individuell munnleg og skriftleg refleksjon omkring løysingsprosessar og førelesingar. Den er organisert i tre vekesamlingar i haustsemesteret. Til dømes kan ei av vekesamlingane gå ut på å skape ein musikkvideo over temaet ”menneske og natur”. Undervisninga er obligatorisk, det vil seie at ein må delta i minst 80 prosent av undervisningstida for å få gå opp til eksamen. 

Aktuelle yrke og vidare studium

Masteremnet kan takast som frittståande vidareutdanning eller kan inngå som valfritt emne i master i Helse- og sosialfag, meistring og myndiggjering eller i valfri del i andre mastergrader ved Høgskulen i Volda.