Språk og litteratur

Visste du at både kulturen vi lever i og identiteten til den einskilde vert forma gjennom språk? Kunnskap om språk og tekstar gir oss innsikt i kulturen og oss sjølve.

  • Organisering

    Heiltid
  • Studiepoeng

    180
  • Søknadsfrist

    15. april 2017
  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    223 891

Studieinnhald

Studieprogrammet gir utdanning i språk og litteratur frå dei nordiske og engelske språkområda, og gir innsyn i språk og kultur frå notid og fortid. Du kan velje å leggje mest vekt på norsk (nordisk) eller engelsk, og du har høve til å fordjupe deg i språklege eller litterære/kulturelle tema. Det vert også lagt vekt på å gi studentane kompetanse i bruk av sentrale metodar i språk- og litteraturforsking, for å kunne analysere språklege og litterære uttrykk på ein sjølvstendig og kritisk måte. 

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Internasjonalisering

Frå og med tredje semesteret kan du ta 30 studiepoeng ved ein godkjend lærestad i utlandet. Dersom du ønskjer å spesialisere deg i engelsk språk eller litteratur, er Det norske studiesenteret ved Universitetet i York ein aktuell studiestad.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Det vert gitt undervisning gjennom nettleksjonar, førelesingar og seminar. Undervisningsforma varierer etter emne. Rettleiing av den einskilde studenten er integrert og skjer gjennom heile studiet. Sjå elles planar for dei einskilde emna. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Bachelor i Språk og litteratur kvalifiserer for yrke der det er bruk for språk- og tekstkompetanse både i offentleg og privat sektor. Dette gjeld mellom anna i undervisning, informasjonsarbeid og arbeid i presse, forlag, bibliotek og arkiv. For å få formell undervisningskompetanse kan du søkje om opptak på praktisk- pedagogisk utdanning (PPU): frå vår 2017 krev opptak til PPU gjennomført mastergrad. Studiet kvalifiserer for opptak til fleire mastergradar ved Høgskulen i Volda eller ved andre høgskular og universitet.