Spesialpedagogikk

Stor vekt på inkludering og mangfald i skulen og i samfunnet elles har ført til eit aukande behov for spesialpedagogisk kompetanse. Slik kompetanse er viktig både for å utvikle betre tilpassa opplæring for alle i vanleg undervisning og i spesialundervisninga.

  • Organisering

    Heiltid
    Samlingar
  • Studiepoeng

    60
  • Søknadsfrist

    15. april 2017
  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    4328

Studieinnhald

Studiet skal gi studentane brei praktisk, teoretisk og kritisk kunnskap om verksemda i barnehage og skule. Det har som utgangspunkt at all opplæring skal ha inkludering som ideal med ein klar og kritisk vitskapleg og forskingsmessig basis. Målet er å gi kompetanse i ulike faglege tilnærmingar både i ordinær undervisning og i spesialundervisning.

Opptakskrav

Fullført grunnutdanning ved universitet eller høgskule av minimum 180 studiepoeng, innanfor følgjande:

  • Allmennlærarutdanning, eller den nye grunnskulelærarutdanninga
  • Førskulelærarutdanning
  • Faglærar med praktisk-pedagogisk utdanning
  • Søkjarar med fullført utdanning som barnevernspedagog, som vernepleiar eller anna treårig relevant profesjonsutdanning, kan takast opp etter særskild vurdering.
  • Dokumentert pedagogisk praksis etter fullført utdanning kan gi eitt poeng pr år inntil fem år.
  • Høgare utdanning utover grunnutdanning kan gi inntil tre tilleggspoeng.

Internasjonalisering

Det er opna for at studentane kan ta enkelte emne ved relevante miljø i utlandet. Studentane må sjølve ta initiativ til eit slikt opphald.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er samlingsbasert og lagd til Høgskulen i Volda. Kvart emne går over eit semester med i alt fem samlingar. Det er obligatorisk frammøte på samlingane. E-læringsprogrammet Fronter vert nytta. Studiet og kan gjennomførast som heiltids- eller deltidsutdanning. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studieprogrammet kvalifiserer mellom anna til spesialpedagogiske arbeidsoppgåver i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule, og til arbeid i PP-tenesta. Det kan påbyggjast til master i Undervisning og læring ved Høgskulen i Volda.