Skuleretta samfunnsfag 1

Vidareutdanninga er primært retta mot lærarar i grunnskulen eller studentar i lærarutdanninga som ønskjer undervisningskompetanse i skulefaga geografi, historie og samfunnskunnskap. 

  • Organisering

    Deltid
    Nettstudium
  • Studiepoeng

    30
  • Søknadsfrist

  • Startsemester

    Haust
    Vår
  • Søknadskode

    4082
  • Studieavgift

    Samla avgift: kr 8000,- (kr 4 000,- per emne).

Studieinnhald

Studentane skal få kompetanse til å lære og forstå meir om samspelet mellom menneske, grupper og samfunn i ulike tidsepokar og i ulike deler av verda. Det vert sett fokus på samspelet / konflikten mellom natur og samfunn. Høgaktuelle tema er demokrati, menneskeverd, bærekraftig utvikling, likestilling og toleranse. Studentane får høve til å tileigne seg ulike didaktiske metoder for å kunne fremme elevane si læring i faget.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er nettbasert. Studentane skal nytte tilgjengeleg programvare og ressurssider på Internett for løysing av oppgåver og for å tileigne seg kunnskap. E-læringsverktøyet Fronter vert brukt aktivt til innlevering og rettleiing av skriftlege oppgåver, drøftingar, forum for studiehjelp, med rettleiing og arbeidsoppgåver for kvart delemne. Det er ein føresetnad at studentane brukar desse verktøya kontinuerleg, og aktivt tek del i dei læringsprosessane det vert lagt opp til. 

Aktuelle yrke og vidare studium

Vidareutdanninga er profesjonsretta med tanke på arbeid som lærar i skule og andre formidlingssituasjonar. Det kan inngå som valfritt emne i ulike bachelorgradar.