Skuleretta samfunnsfag 2

Vidareutdanninga er primært retta mot lærarar i grunnskulen eller studentar i lærarutdanninga som ønskjer undervisningskompetanse i skulefaga geografi, historie og samfunnskunnskap.

  • Organisering

    Deltid
    Nettstudium
  • Studiepoeng

    30
  • Søknadsfrist

  • Startsemester

    Haust
    Vår
  • Søknadskode

    4084
  • Studieavgift

    Samla avgift: kr 8000,- (kr 4 000,- per emne).

Studieinnhald

Studentane får kunnskap om samspelet mellom menneske, mellom grupper og mellom samfunn i ulike tidsepokar og i ulike deler av verda. Høgaktuelle tema er mellom anna entreprenørskap, demokrati, politisk makt og politiske prosessar. Det vert sett nærare på samfunnsforhold på Island og i Kina og Afrika med spesielt fokus på Kenya. Studentane får høve til å tileigne seg ulike didaktiske metoder for å kunne fremme elevane si læring i faget.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er nettbasert. E-læringsverktøyet Fronter vert brukt aktivt til innlevering og rettleiing av skriftlege oppgåver, drøftingar, forum for studiehjelp, med rettleiing og arbeidsoppgåver for kvart delemne. Det er ein føresetnad at studentane brukar desse verktøya kontinuerlege, og aktivt tek del i dei læringsprosessane det vert lagt opp til.

Aktuelle yrke og vidare studium

Vidareutdanninga er profesjonsretta med tanke på arbeid som lærar i skule og andre formidlingssituasjonar. Det kan inngå som valfritt emne i ulike bachelorgradar.