Saksbehandling og tenesteyting i den kommunale helse- og omsorgstenestene

Målgruppa for studiet er tilsette innanfor den kommunale helse- og omsorgstenesten som fattar enkeltvedtak og handsamar klager på vedtak om kommunale teneste. Tilbodet er eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda og Omsorgsjuss AS. Firmaet har i ei årrekkje arbeidd tett opp mot kommunar si helse- og omsorgsteneste og kan tilføre mykje praksisnær kunnskap i studiet. Dette styrker utdanninga sin relevans for praksisfeltet.

  • Organisering

    Deltid
    Samlingar
  • Studiepoeng

    15
  • Søknadsfrist

  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    4105
  • Studieavgift

    kr.15 000

Studieinnhald

Studiet gir oversikt over rettar og plikter innanfor ulike sentrale tema i helse- og omsorgsjussen. Det er eit mål å gi studentane kunnskapar og ferdigheiter i å forvalte helse- og omsorgstenestene i kommunane på ein god måte og i tillegg styrke evna til refleksjon og problemløysing.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse samt 15 studiepoeng i juridiske emne. (t.d. offentlig rett, forvaltningsrett eller som integrert del av utdanning). Søkjarar med annan bakgrunn kan vurderast særskilt.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Studiet har tre samlingar, der arbeidsmåtane varierer mellom forelesingar, dialogbasert undervising, gruppearbeid og seminar. Studentaktivitet er ein sentral arbeidsmåte. Det er krav om minimum 80 % frammøte til undervisningssamlingane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Vidareutdanninga er retta mot saksbehandlarar og leiarar innanfor dei kommunale helse- og omsorgstenestene som ønskjer styrka forvaltingskompetanse, styrka kunnskap om og ferdigheiter i skjønnsutøving. Den gir grunnleggande saksbehandlarkompetanse og kompetansegrunnlag for til dømes saksbehandlarstillingar ved kommunale tildelingskontor for helse- og omsorgstenester.