Teater og drama 2

Korleis skrive eit godt manus? Kva er forskjellen på å dubbe ein animasjonsfilm og lese inn ei lydbok? Korleis adaptere eit kunstnarleg uttrykk til eit anna? Korleis lagar ein radioteater? Om du vil utvikle deg som utøvar i eit kreativt studentmiljø og lære nye kunnskapar og ferdigheiter, er dette studiet for deg.

  • Organisering

    Deltid
  • Studiepoeng

    30
  • Søknadsfrist

    15. april 2017
  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    4238

Studieinnhald

Studiet gir kunnskap om utvalde retningar innanfor adaptasjon og manusutvikling og kunnskap om eit breidt spekter av formidlings- og kommunikasjonsformer i ulike media. Du skal få ferdigheiter i utvalde skodespelteknikkar og lære å bruke drama- og teaterfaglege arbeids- og uttrykksformer i kunstnarleg formidling. Det er eit mål å gi deg innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar, og kompetanse til å planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt åleine og som deltakar i ei gruppe.

Opptakskrav

60 stp i teater og drama.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Studiet er samlingsbasert og undervisninga vert organisert i seminar, workshops, praktisk undervisning, gruppearbeid, individuelt arbeid og førelesingar. All undervisning er obligatorisk, med eit godkjent frammøte på minimum 80% per samling. Det vil bli arrangert obligatoriske visingar/lesingar, såkalla Husteater, for eit ope publikum. Det er lagt inn 1-2 studiereiser til eigen kostnad  i løpet av studiet. Klassesett med manus, lydbøker og høyrespel vert lånt ut til studentane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet tilsvarar 30 stp av andre året i Bachelor i teater og drama, og gir grunnlag for arbeid innanfor yrke som manusforfattar, og stemmeskodespelar/dubbar.