Teater og drama 1

Korleis vert ei framsyning laga? Korleis vert eit ensemble skapt? Korleis bli ein betre forteljar? Studieprogrammet er retta mot deg som vil arbeide med drama og teater i skule, kulturskule og anna kulturverksemd, eller mot deg som siktar mot vidare teaterutdanning. Studiet kan takast både på deltid (2. semester) og fulltid (1. semester).

  • Organisering

    Heiltid
    Deltid
  • Studiepoeng

    30
  • Søknadsfrist

    15. april 2017
  • Startsemester

    Haust
    Vår
  • Søknadskode

    4005

Studieinnhald

Studieprogrammet er sett saman av to obligatoriske emne. Studiet gir deg ei innføring teater og dramafaget, med mye praktisk arbeid. Du skal jobbe med t.d. improvisasjon og teatersport, lage teaterframsyningar, skape forteljarteater, arbeide med lesing, analysering og iscenesetjing av dramatiske tekster. Alle studentar tek del i ei rekkje fellesproduksjonar, ”husteater”, der dei får teste og utvikle sine kreative og handverksmessige evner, i tillegg til samarbeidsevner.

Du kan ta to emne på deltid (to semester) eller to emne på heiltid (eit semester). Valfrie emne, kvart på 15 studiepoeng:

  • Teaterproduksjon 1: Skodespelarteknikk og ensemblebygging (haust)
  • Teaterkunnskap (haust)
  • Teaterproduksjon 2: Skodespelarteknikk og dramaturgi (vår)
  • Forteljing og formidling (vår)

Seksjon for drama og teater har eigne teaterlokale med blackbox og whitebox, kostyme- og scenografilager, syrom og verkstad. Utdanninga samarbeider med mange lokale, nasjonale og internasjonale institusjonar.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, med m.a. seminar, workshops, førelesingar, prosjektarbeid, framføring, sjølvsstudium, gruppearbeid og rettleiing. 

Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Teater og dramastudiet gir grunnlag for arbeid innanfor yrke som:

  • Skodespelar
  • Dramapedagog
  • Teaterpedagog
  • Forteljar

Studiet kan danne grunnlag for vidare studium i faget. Det kan også gå inn som valfri del i andre bachelorgradar.