Teater og drama

Korleis vert ei framsyning laga? Kva er forskjellen på å dubbe ein animasjonsfilm og lese inn ei lydbok? Korleis vert ei tekst analysert og tolka og eit ensemble skapt? Korleis bli ein betre forteljar? Om du vil utvikle deg som utøvar i eit kreativt studentmiljø og lære å bruke teater og dramakunnskapar på ulike arenaer, er dette studiet for deg. 

  • Organisering

    Heiltid
  • Studiepoeng

    180
  • Søknadsfrist

    15. april 2017
  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    223 439

Studieinnhald

Studiet gir deg brei erfaring med og kunnskap om teater og dramafaget. Det er eit mål at studentane skal utdannast til sjølvstendige og skapande utøvarar og utvikle sitt eige personlege uttrykk.

Du skal mellom anna lage teaterframsyningar i ulike genre, skape forteljarteater, utvikle eigne manus, dubbe og lage høyrespel, utvikle dramapedagogiske prosjekt og Site-spesific teater i sosiale kontekstar. Alle studentar tek del i ei rekkje fellesproduksjonar, ”husteater”, der dei får teste og utvikle sine kreative og handverksmessige evner, i tillegg til samarbeidsevner.

Seksjon for drama og teater har eigne teaterlokale med blackbox og whitebox, lydstudio, kostyme- og scenografilager, syrom og verkstad. Utdanninga samarbeider med mange lokale, nasjonale og internasjonale institusjonar.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Internasjonalisering

Det vert lagt til rette for utanlandsopphald på eit semester ved institusjonar i Norden, Europa, Amerika, Asia, Afrika eller Australia.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, med m.a. seminar, workshops, førelesingar, prosjektarbeid, framføring, sjølvsstudium, gruppearbeid og rettleiing. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Teater og dramastudiet gir grunnlag for arbeid innenfor yrke som:

  • Instruktør
  • Produsent
  • Skodespelar
  • Dramapedagog
  • Entreprenør
  • Forteljar
  • Museumsformidlar
  • Dubbar

Om du ønskjer undervisningskompetanse i skuleverket, må du byggje på med praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Studiet dannar grunnlag for vidare mastergradsstudium i drama og teater.