Undervisning og læring, spesialisering i spesialpedagogikk, matematikk eller norsk

Mastergraden har tre valbare studiespesialiseringar. Spesialiseringa i norsk og matematikk er retta mot arbeid i skulen, medan spesialiseringa i spesialpedagogikk er ei vidareføring av det tidlegare masterstudiet i spesialpedagogikk. Dette er retta mot arbeid både i barnehage, skule og PP­-tenesta.

  • Organisering

    Heiltid
    Samlingar
  • Studiepoeng

    120
  • Søknadsfrist

  • Startsemester

    Haust
  • Søknadskode

    4380 (matematikk), 4382 (norsk), 4384 (spes.ped.) Fullt på spes.ped.

Studieinnhald

Master i undervisning og læring gir vitskapleg funderte kunnskapar og ferdigheiter på dei områda studentane spesialiserer seg. Studiet legg stor vekt på omsynet til fellesskapen og mangfaldet i gruppa av barn, unge og vaksne under opplæring. Tilpassa opplæring og inkludering er sentralt. Studiet gir innsikt i skulefaglege, institusjonelle, relasjonelle og individuelle utfordringar i opplæringa.

Opptakskrav

Fullført og bestått lærarutdanning (førskulelærar, allmennlærar, faglærar med PPU, grunnskulelærar) eller fullført og bestått dei tre første åra i grunnskulelærarutdanningane. Til spesialiseringa i norsk er eit tilleggskrav at søkjaren må ha minst 60 studiepoeng i faget norsk og minst karakteren C (2,8) i faget. Til spesialiseringa i matematikk er eit tilleggskrav at søkjaren må ha minst 60 studiepoeng i faget matematikk og minst karakteren C (2,8) i faget.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er samlingsbasert. Arbeidsmåtane vil veksle mellom førelesingar, arbeid i mindre grupper, feltarbeid, studentseminar og oppgåveskriving. Det er obligatorisk oppmøte til samlingane.

Du kan lese meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Avhengig av forkunnskap og sudiespesialisering kan dette studiet gi deg
• kvalifkasjonar for m.a.:
– spesialpedagogiske arbeidsoppgåver i barnehage, grunnskule, vidaregåande skule og andre relevante institusjonar
– arbeid i PP­tenesta
– arbeid i høgskulesektoren
– doktorgradsstudium
• lektorkompetanse
• høgare fagdidaktisk kompetanse for undervisning i matematikk eller norsk i grunnskule eller vidaregåande skule
• auka forskingsbasert kompetanse for pedagogisk arbeid og FoU­ aktivitet i barnehage og skule